mandag 15. mars 2010

Viss du vil bli stor og staut, må du ete mykje....?

Bloggar har ein viss effekt på meg når det gjeld val av meny. I det siste har eg lese nokre bloggar som reklamerer for "Farmen" og graut. Personleg har eg ikkje sett "Farmen" sidan han med namnet vann (Gaute Grøtta Grav), men graut har eg greie på. Og lyst på. I dag diska eg opp med havregraut til kvelds, noko som fall i smak blant mine tre små. Minstemann slukte ein porsjon og sa: "kelner, kan du klæsje på et par dæsjer til med grøt?" Han blir nok Superhelt ein vakker dag.
 
Då Eldstejenta var lita, kokte eg ofte havregraut til henne, mata henne og fortalde eventyret om Gullhår med tilhøyrande plastfigurar. Dersom det var meir graut att då eventyret var ute, måtte vi dikte ein variant om tre tigrar. Dei hine ungane har måtta stå for underhaldninga ved matbordet sjølve.

5 kommentarer:

  1. Etter å ha ete sei i tre dagar på rad, åt vi i dag ein rest av risgraut frå frysaren til middag.Eg skulle ønske eg var meir glad i havregraut enn det eg er, for det er sunt! Bur ein åleine, kan ein koke grauten i tallerkenen i mikrobølgeomn. Som ein variant kan ein også lage graut av havremjøl.Besten åt graut av byggmjøl, med surmelk på, det hugsar eg frå barndommen min.
    Men eg putta i alle fall ein del havregryn ned i tre av dei ni brøda eg baka i dag.

    SvarSlett
  2. Eg syns havregraut er godt! Men gubben min er ikkje så glad i graut, så det vert ikkje så ofte laga. Jentene likar kanskje havregraut, eg trur knapt dei har smakt det... Det blir som oftast risgraut og semulegraut. Synd, sidan havre er så mykje sunnare!

    SvarSlett
  3. Her sit dei og stønnar over dei som reiser heim frivilleg frå Farmengårde og skuldar på for mykje havregraut!

    SvarSlett
  4. Eg kokar vassgraut av små havregryn, og den stivnar nesten på tallerknane. Ungane syntest det var morosamt å sjå grauten flyte opp då eg hadde på H-mjølk (hadde brukt opp fløyten i suppa til middag). Til frokost et vi brød.

    SvarSlett
  5. Kom på kva eg mata bror din med: Graut kokt av vanlig grovt kveitemjøl (Sammalt hvete, grovmalt) og melk.

    SvarSlett