søndag 11. juli 2010

Finally

Ungdomane i heimen ser på fotballfinale. Mi fotballinteresse er minimal når ingen i familien er involvert som spelar, men for dei er dette ei viktig stund som dei kanskje kjem til å referere til om fire år, åtte år osb. Derfor ber eg inn store mengder snacks, tek bilete og gjer elles mitt beste for at det skal bli ei minneverdig stund. Resten får vere opp til hollendarar og spanjolar...

3 kommentarer:

  1. Her såg dei første omgangen av Das Final på ein tysk kanal, men no har dei visst skifta kanal!

    SvarSlett
  2. Eg har lova å sjå denne kampen, men så datt bildet ut ei stund.....men no skal eg sjå resten.

    SvarSlett
  3. Det vart berre Eldstejenta som gadd å sjå heile, men ho var til gjengjeld svært glad for resultatet!

    SvarSlett