Nabohunden Pelle, min nye turkamerat, fekk vere med Veslejenta og meg ned til sjøen i dag òg. Det var slik ein mild og fin kveld, og vi kosa oss verkeleg alle tre. Pelle er heilt vill etter å hente kjeppar og glefse etter tang, Vi hine er rolegare, men det nye glansnummeret vårt er å plystre "Alle fugler" tostemt. Det blir ein del latter av slikt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar