fredag 2. juli 2010

Bok 29 2010: "Lolita" av Vladimir Nabokov

Denne boka hadde eg neppe lese dersom den ikkje hadde kome som pakke i posten. Eg er nemleg medlem i "Verdensbiblioteket", og får dermed tilsendt ein del internasjonale meisterverk. Den verdskjende historia om den middelaldrande pedofile mannens store kjærleik til "smånymfen" Lolita er uhyggeleg kvalmande, samtidig som den ikkje er direkte pornografisk. Eg trur at det er det som er det eklaste; eg-personen bruker eit intellektuelt og forfina språk når han skildrar forholdet mellom dei, og han vil såleis rettferdiggjere handlingane sine. Som lesar tenkjer ein eit hakk vidare, og då vert perversiteten nesten uuthaldeleg. Ikkje rart at boka skapte skandale, og at "Lolita" framleis er eit omgrep. Inga hyggeleg bok å lese, men ei viktig påminning om at vi framleis har nokre tabuemne i vår tid.

1 kommentar:

  1. Las boka for mange år sidan, då eg var medlem i ein bokklubb.Trur knapt eg kjende til ordet pedofili eller visste kva det var. Men historia hugsar eg. Det var ei ekkel histrie- men vart kanskje framstilt som noko anna?

    SvarSlett