fredag 30. juli 2010

Aukrustsenteret på Alvdal

Gubben er glad i bøkene til Kjell Aukrust, og når vi var på dei kantar, vart det naturleg å ta ein tur til Aukrustsenteret. Sjølve bygget er teikna av same arkitekt som Aasensenteret i Hovdebygda, og vi fekk ei informativ omvising som også la vekt på å få fram litt om Aukrust og figurane hans. Som souvenirar kjøpte vi mellom anna lydbøker, som vi lytta til då vi reiste frå Røros.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar