Eldstejenta og eg er aleine i heimen, noko som medfører ein sein kveld med mykje prating, data, hudpleie og fotografering. Dagen elles har gått med til soling (til det skya over), turgåing og plenklipping (til det begynte å regne), i tillegg til enda meir trivielle syslar i heimen. Ungane er opptekne med kompisar og venninner mykje av tida, og det er ikkje nødvendig å finne på all verda for å sysselsetje dei. Eg må likevel få lov å seie at eg kunne ha tenkt meg finare vêr.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar