lørdag 9. oktober 2010

Bakkeheida

Jentene sykla til Folkestad på føremiddagen i dag, medan Storebror og eg var inne det meste av dagen. Ut på ettermiddagen drog eg derfor med meg dei tre yngste på tur igjen, medan Eldstejenta sat heime og jobba med historieprosjektet sitt. Turmålet var Bakkeheida - det er ein liten haug i enden av ein fjellveg inne i Dalsbygda.











Då vi kom heim etter tre timar i frisk luft, hadde Eldstejenta laga lasagne og faktisk fått gjort mykje skulearbeid.

3 kommentarer:

  1. De er utruleg flinke å kome dykk ut! "Ungane" her for på damefotballkamp på Hødd i dag, tap dessverre ...

    SvarSlett
  2. Eg er som sagt misunnelig på alle som kjem seg ut i naturen-og angrar på alle turane eg ikkje har gått.Synest dokke har nytta dagen godt.

    SvarSlett
  3. Vi kjem oss ut ofte, ja, det skal vi ha. Med litt lokking og mykje tvang. Personleg kunne eg ha vore ute heile tida medan det er dagslys, men ein har ein del å gjere inne òg. Ikkje ofte eg har sete ute og lese roman i haustferien, men i år har eg faktisk funne solveggen eit par gonger.

    SvarSlett