torsdag 7. oktober 2010

Bok 51 2010: "Bernhard Hvals forsnakkelser" av Lars Saabye Christensen

Av og til har ein flaks. Eg mangla Internett i ein periode, og då dumpa det ei bokklubb-bok ned i postkassa fordi eg ikkje hadde fått avbestilt i tide. Og FOR ei bok! Hovudpersonen er litt i litterær slekt med Elling; ein merkeleg fyr ein blir nysgjerrig på frå første side av. Han kallar seg sjølv "kantete", noko som viser til at han ikkje passar inn i storsamfunnet. Handlinga er litt sær, men det er først og fremst personane som er spennande. Eg les på nettet at LSC fekk idéen til å skrive boka etter å ha kome over ein tekst om Notto Fipp i eit bokantikvariat. Bernhard Hval er legen som interesserer seg for den sære Fipp, som går frå Oslo til Evje og attende. Boka handlar mykje om forholdet mellom desse mennene, og om ekteskapet mellom Hval og kona.

Eg vart fenga frå første avsnitt - dette var ei av årets beste leseopplevingar så langt!

1 kommentar:

  1. Eg elskar Lars Saabye Christensen, dvs. bøkene hans. Dei har dette eventyret i seg ...ikkje heilt realistisk med andre ord. Kvardagsrealisme har ein nok av i sitt eige liv-eg les for å oppleve noko anna.

    SvarSlett