mandag 18. oktober 2010

Bok 54 2010: "Gummi-Tarzan" av Ole Lund Kirkegaard

Danske Kirkegaard er ein av mine absolutte favorittar, og denne boka hugsar eg frå barndomen, då Øyvind Blunch las den på radio. No har Harald Stoltenberg lese den inn i ny utgåve, og den er berre fantastisk. Ivan Olsen er ein svekling som blir mobba av dei fleste rundt han, blant anna av faren. Ein dag møter han ei heks, og han får eit ønske oppfylt. Eg hugsar at bøkene på 70-talet ofte handla om slike "taparar", men denne boka er så grotesk at det blir humoristisk. Boka kom ut på dansk i 1975, og på norsk i 1978. Den held seg utruleg godt, i motsetnad til mange andre bøker frå den tida. Ein absolutt klassikar som både store og små kan og bør ha glede av!

1 kommentar:

  1. Denne boka las eg til fleire av klassane mine, og både dei og eg likte den veldig godt.Kan anbefalast.

    SvarSlett