fredag 22. oktober 2010

Bok 55 2010: "Daisy sisters" av Henning Mankell

Mankell er best kjend som kriminalforfattar, men denne boka er skriven nesten ti år før han debuterte som kriminalforfattar. Og emnet er noko så originalt som kvinnelagnader - eit typisk tema for det tidlege åttitalet, men helst blant kvinnelege forfattarar. Forteljinga er nokolunde kronologisk, det meste blir forklart på ein refererande måte, og lite blir overlate til lesaren å tolke. Personleg synest eg det vart langdrygt og nesten kjedeleg, og at byrjinga var best. Den handla om Elna, som blir valdteken i 1941. Resten av boka handlar mest om dottera Eivor. Noko av miljøskildringa kan vere interessant, men det meste vart berre trasig og trivielt etter min smak.

2 kommentarer:

  1. Eg har nettop lese ferdig plate nr.10, så det er fint om du tek med deg resten i morgon.(Eg fekk LSC si siste på biblio i dag).
    Stort sett er eg samd i det du skriv om boka, og kvardagsrealisme er ikkje det mest spennande eg veit. Den utanlandske bibliotekaren smiler forståande når eg seier eg vil ha EVENTYR når eg les, kvardagsrealisme er det nok av.Men eg vil påpeike at boka nok appellerer litt meir til meg enn til den yngre garde, sidan Eivor i boka er to år yngre enn med, og eg kjenner igjen både tida, tenkemåtane etc.Det svenske raggarmiljøet var likevel stort sett fråverande på Eid.

    SvarSlett
  2. Heilt einig med Margrete! Bra han slo seg på krim!

    SvarSlett