søndag 31. oktober 2010

"Da dramene do"...

Hausten 2000 samla ei av bygdedamene ein gjeng heime hos seg. Det store temaet for kvelden var å starte ein vinklubb. Sidan det har vi samlast heime hos kvarandre om lag 10 fredagskveldar i året, smakt vin og ete god mat. Og skravla om det meste, frå brudebukettar til skulepolitikk. No i helga reiste 12 av oss (vi er om lag 18 medlemer) på tiårsjubileumstur til Geiranger. Mange var i spa-avdelinga det meste av laurdagen, medan andre gjekk tur (gjett fem gonger kva eg valde). Dei følgjande innlegga vil vise bilete frå årets happening - eg ser allereie fram til tjueårsmarkeringa.

PS: eg har fått ei diskret facebook-melding som påpeikar skrivefeil i overskrifta, og for å unngå fleire slike må eg få konstatere at det er skrive med overlegg og nok eit strålande døme på min subtile humor som omgjevnadene mine dessverre sjeldan set pris på...

2 kommentarer:

  1. I stad las eg "Da damene dro", men så las eg overskrifta om att, så no har du fått ei diskret facebookmelding til ...

    SvarSlett
  2. Eg har fått TO diskrete meldingar, og di var den andre :)

    SvarSlett