torsdag 28. oktober 2010

Dagen før dagen



I dag hadde vi siste førebuande møte for morgondagens Halloweenfest. Her i bygda har vi som kjent fest, i staden for at ungane skal tigge snop. Vi har pynta lokalet, fylt opp ein utruleg kul piñata og rigga opp lys og røykanlegg. Ungane har stått for mykje av arbeidet sjølve. I forfjor laga dei ein del papirpynt, og i år har dei supplert med edderkoppar av svarte piperensarar. Eg ser fram til å finne fram heksekjolen og nasen, sjølv om eg i utgangspunktet sikkert er heks nok utan kostyme.

5 kommentarer:

  1. Flott innlegg! Kjekt å sjå kor fint det vart! Her har heksekjolen blitt for trong! Heksa har hatt gode tider i det siste med sjokolade...Annita Superheks

    SvarSlett
  2. Blir vel endå meir sjokolade når vi ikkje får selt ut all halloween-sjokoladen... :)

    SvarSlett
  3. Noko eg lurer på er:Kva gir ein snoptiggarar-og kor mykje?
    Ikkje at eg er tilhengar av denne skikken, men vil gjerne vere orientert.
    Å halde ein Halloweenfest er sikkert mykje kjekkare både for små og store-og dessutan sosialt.

    SvarSlett
  4. Det er i alle fall kjekkare for NOKRE store... Og mengd med snop har eg ikkje peiling på, sidan vi ikkje har denne uskikken i bygda.

    SvarSlett
  5. Håper du legg inn mange bilde frå festen.

    SvarSlett