søndag 3. oktober 2010

Den dagen brannstasjonen brann...

Planen i dag var å reise til Volda for å gå på kino og hente Eldstejenta. Litt etter klokka 13 var eg innom Facebook, og der var mange statusar prega av at noko heldt på å skje i Volda, og etter kvart fekk eg det bekrefta: det var brann i brannstasjonen, av alle stader! I og med at brannstasjonen er næraste nabo til kinosalen, droppa vi filmplanane og henta Eldstejenta tidlegare på dag. Slik fekk vi god tid til å lage søndagsmiddag.

Eg kjøper ofte svinekotelettar, men lagar dei til på min eigen måte, ved å steike dei lett og deretter ettersteike dei ein halvimes tid i eldfast form med grønsaker, krydder og ein "liten skvett" fløyte (= om lag 2,5 dl). Med poteter og brokkoli til smaka det slett ikkje verst, om eg må seie det sjølv. No skal det innrømmast at eg ikkje på nokon måte er kokken i familien, men kokkelerer etter innfallsmetoden. Det plar gå bra, berre det er lenge nok sidan frokost.



Etter middag vart det ytra ønske om bollebaking. Dei to små og eg laga deig, deretter gjekk eg tur i halvannan time - akkurat lenge nok til å kome heim for å assistere med steiking. Inspirert av Systa fylte vi bollane med vaniljekrem, sjokolade og "ja takk, begge delar". Sistnemnde vart ein noko "heavy" variant, men dei gjekk ned på høgkant til kvelds.

Når Eldstejenta er heime, betyr det òg at vi har katt i hus. Lola er verdas mest sjarmerande kattunge, og ho er reinsleg og grei å ha i hus. Favorittplassen hennar er glaskarmen i stova, der ho ligg og ser på haustlauv som fyk forbi utanfor ruta. Vi hadde forresten eit svare strev med å få tak i katten då vi skulle reise frå Volda, for ho hadde stukke av ut og fått smaken på utelivet. Vanlegvis er ho berre hybelkatt, og ho får noko meir action her enn ho er van med.

3 kommentarer:

  1. Flinke bakarar!
    Her har vi avtale hos veterinær tysdag.

    SvarSlett
  2. Apropos kattar så har vi ikkje sett Advokatten på eit par dagar, og det enda han har fått kjøpemat! Noko han for øvrig sette stor pris på.Bollar med sjokolade fristar framleis ikkje. Eg har aldri smakt Sjokade eller Nugatti, heller. I alle fall ikkje på brød.Men bollane såg veldig fine ut, og ungane er flinke.

    SvarSlett
  3. Uff, det vart nok action i Volda i går, ja!

    SvarSlett