torsdag 21. oktober 2010

Fiskekaker i brun saus: ein gammal kvardagsklassikar - men utan makaroni


Eg kan hugse denne retten frå barndomen, og at eg hadde mest lyst til å "maule" makaroni. I vaksen alder har eg fått i meg mykje makaroni og annan pasta, men aldri saman med poteter og brun saus! Fiskekaker er noko vi sjeldan serverer, men i sommar kom eg på denne gamle klassikaren, og så testa eg den ut på ungane. Dei likte det kjempegodt! I tillegg til å ete det meste når dei får ris og bernaisesaus til, et dei òg det meste saman med poteter og brun saus.

Dagens middag var Storeguts tredje 4H-middag. Eg håpar han får lyst til å lage middag av og til etter haustfesten òg!

3 kommentarer:

  1. Her i huset har ungane begynt å lage middag til familien i den alderen, ein eller to dagar i veka. Frøkna har no fått tildelt måndagane. Eldstemann hdde ein betingelse: der må vere noko å velje i! Eg måtte ha t.d. karbonadar, kjøtdeig og trøndersodd tilgjengeleg!

    SvarSlett
  2. Fiskekaker i brun saus var ein vanlig kvardagsrett før, og makaroni vart brukt på samme måten som grønsaker; som tilbehør. No brukar vi aldri saus på fiskekaker, men når ungane likar det, så er det heilt grei mat. Hels Eirik og sei at han er flink.

    SvarSlett
  3. Det så dødsgodt ut! Jeg husker at pappa pleide å lage det til meg da jeg var liten.. I dag kommer han på besøk til meg, og da skal jeg lage det til han.. mmm :)

    SvarSlett