søndag 24. oktober 2010

Historia om ein søndagsmiddag som kokte ut i kålen

Fredag etter jobb hadde kollegavenninne K og eg vår faste cafédate, og etterpå var det tid for samhandling i kolonialbutikken i same bygg. Eg skulle handle inn til kakebakst og søndagsmiddag, og ho hadde eit liknande ærend. Etter noko diskusjon kom vi fram til at det var fullt mogleg å lage fårikål til søndagsmiddag, sjølv om det berre var eit par veker sidan sist. Vi plukka derfor med oss kål i handlekorga. Deretter skulle eg finne fløyte, noko som dessverre var utselt. Ok, då måtte eg innom ein butikk til, men først skulle eg i alle fall sikre meg fårikålkjøt. Men dessverre, denne veka var det svinekotelettar som fylde opp frysedisken, og heller ikkje blant ferskvarene fann vi årets lam. Eg treng vel knapt nemne at dei var utselde for kvit sjokolade.

Då vi kom nærare kassa, såg vi at mykje av butikken var halvtom, kanskje for å gi plass til julevarer. Men så var der ein diger reol full av "daglegvarer" som kaffitraktarar, vasskokarar og (hald dykk fast) MAKULERINGSMASKINER!!! Det er greitt nok med ein del koppar og kar i daglegvarebutikkar, og det tek ofte av med sal av filmar, grillar og ullsokkar, men denne syntest eg tok kaka aldeles. Den einaste bruksverdien eg såg på det tidspunktet, var makulering av handlelista.

Storegut laga dagens søndagsmiddag, som var kjøtkaker med gulrøter og kålstuing. Eg fekk meg nemleg ikkje til å legge på plass kålhovudet som eg allereie hadde putta i handlevogna. Kan hende kunne ein ha snitta opp kålen i makuleringsmaskina?

5 kommentarer:

  1. Så har dei altså greidd å skape eit nytt daglig behov!Då er det berre å finne ut alle dei herlige matrettane ein kan lage med hjelp av makuleringsmaskiner. Det er noko som heiter "grønsaker julienne" (Finsnitta grønsaker)-kanskje det kan bli den nye fema?
    Elles talar eg varmt i alla fora om å ha EIN stor daglegvarebutikk i sentrum her(og ein i Volda). På den måten ville dei kunne ha betre og ferskare vareutval, og kanskje vart det mindre svinn? Ein slapp i alle fall å styrte rundt frå den eine butikken til den andre for å skaffe seg det ein treng.

    SvarSlett
  2. Morfaren ser ein komande super-kokk i Storegut. No lurer han på om guten vil ha oppmelen fisk og lage fiskekaker.?

    SvarSlett
  3. Eit kjent problem det med kjøt! Eg sikra meg ferske lammelår på Prix torsdag. Viss dei ikkje hadde hatt, måtte eg tatt meg ein runde sidan eg hadde bestemt meg for det. Endå vanskelegare/sjeldnare er det å få tak i godt suppekjøt!
    Men fårekjøtfinst det no både frose og ferskt! Hadde det no vore laurdag 19.55 ...

    SvarSlett
  4. Dette innlegget var så "slåande" at du burde sende det til Regionavisa.
    Eidabesta

    SvarSlett
  5. Takk for rosen, Eidabesta! :)

    SvarSlett