onsdag 6. oktober 2010

Ikkje så farleg om det regnar ein dag



I dag skulle Minstemann til tannlege 9.15, så vi var tidleg på hjul. Effektiv som eg er, hadde eg bestilt frisørtime like etter tannlegetimen. To nødvendige ærend i løpet av ein time er ikkje verst? Etterpå var vi på sal på sportsbutikken, før vi reiste til Ørsta og heldt fram shoppingrunden der. Minstemann måtte få lego i tannlegepremie, elles vart det mest handling av klede og skor. Vi fekk deilig middag i Starevegen, der også Nevø 1 var middagsgjest.

Då vi kom heim, fann eg ut at eg skulle gå tur til Folkestad, der Eldstejenta hadde sett frå seg sykkelen. Planen var altså å gå til Folkestad og sykle heim, men då eg kom fram til sykkelen, vart det så mørkt at eg heller gjekk heimatt òg. 18000 skritt vart det, og då var eg klar for eit herleg krabbemåltid medbragt frå Ørsta. I kveldinga ser vi film og et popcorn - det er koseleg å vere alle samla i heimen!

3 kommentarer:

  1. Eg jobba så godt i hagen i går, og hadde fått blod på tann. I dag var det ikkje koseleg hagever, men dagen går fort når ein søv lenge og tek seg ei handlerunde ...
    Men det må vel kallast ferie å dille vekk ein dag?

    SvarSlett
  2. Er litt spent på om de fann mat i krabbane? Dei vi har hatt til denne tid har ikkje vore så prima.
    Elles må dokke lære dokke til å slappe av innimellom, både den eine og den andre.

    SvarSlett
  3. Eg slappar best av når eg har gjort noko nyttig først. Har ein stilbunke på vent, og arbeidslysta uteblir. Og krabbane var gode - ikkje så mykje mat i, men ein del rogn, faktisk. Smaken var fantastisk.

    SvarSlett