mandag 25. oktober 2010

Knut Sigve frå Folkestad

I kveld gjekk det ein dokumentar på TV2 som eg håpar mange har fått med seg. Knut Sigve og mora Gudveig er to lokale kjendisar som viser godt att i lokalmiljøet. Dokumentaren handlar om at Knut Sigve treng hjelp som mora begynner å bli for gammal til å gi han, og om kor vanskeleg det kan vere å omstille seg til eit nytt liv. Medan sonen er skeptisk og pessimistisk, tek mora ein beundringsverdig nøktern og positiv tone når ho forklarer han at han må tenkje framover.

Programmet er ikkje så sentimentalt, mykje fordi Gudveig er ei så jordnær og flott dame, men eg sit likevel oppløyst i tårer i beundring for ei så tolmodig og eineståande mor.

3 kommentarer:

  1. Det vart ikkje til at vi såg programmet. Mest fordi vi hadde besøk av leigebuaren vår akkurat då. Men også fordi eg blir litt trøtt av å skulle "involvere" meg i så mange skjebnar. Etterpå såg eg ikkje mindre enn to seriar-men med fiksjon blir det noko anna.
    Programmet kjem kanskje i reprise?

    SvarSlett
  2. Det var eit veldig positivt program, kjekt å chatte med deg undervegs... Sjefen min er frå Folkestad, så eg måtte no skryte av kor pent der er (noko ein ikkje ser frå ferjekaia...). Er heilt einig med deg i dine betraktningar kring programmet.

    SvarSlett
  3. Eit utruleg godt program! Mora er den fødde pedagog. Kjekt å sjå kor god tone dei hadde. Elles så viste dei mange problemstillingar utan å kommentere. Det har eg sansen for.

    SvarSlett