lørdag 16. oktober 2010

Kvanndalen



Viss ein kjører til Standalshytta, går det ei rås opp til ein dal som ligg spektakulært til mellom Kolåstinden og Sætretindane. Desse fjella har eg ingen planar om å sjå anna enn frå bakken, for dei er svært taggete. I dalen låg det restar av gamle steinras, og stemninga var nesten trolsk. Dessverre øydela skodda noko av utsikta i dag, og det var fuktig, sleipt og isete å gå. Dei nye gore-tex-skorne fungerer svært godt.

6 kommentarer:

  1. Vi har vore i Kvanndalen, men då gikk vi frå Bondalseidet.(På andre sida av riksvegen) Er det same dalen vi snakkar om?

    SvarSlett
  2. Der er to Kvanndalar - ein med veg frå Bondalen, dette er den andre.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Men fargane i naturen er ofte like spennande i gråver. Likte særleg myrullbildet som berre løfter seg og forsvinn inn i skoddedisen.

    SvarSlett
  5. Alle bilda var fine, kvar på sin måte. Men eg er veldig glad i myrull ....

    SvarSlett
  6. Eg er òg glad i myrull. Ein merkeleg plante, når ein tenkjer på det. Takk for fine ord om bileta!

    SvarSlett