mandag 18. oktober 2010

Monster-måndag

Etter ein hard jobbdag finst det knapt noko betre enn å få søndagsmiddag ferdig servert. I dag drog eg med meg tre av ungane for å kjøpe halloweenmasker til dei to yngste. Deretter tok vi turen til Starevegen, der dei varta opp med ein av yndlingsrettane mine; "erter, kjøt og flesk". "Besta" foreviga monstera, og eg har rappa biletet frå bloggen hennar.

Eg er eigentleg ingen stor tilhengjar av Halloween, og ein tur på "nille" kan vere skremmande av andre grunnar enn maskene er skumle. Der er alt frå Halloween-snop til Halloween-telysestakar og annan pynt i svart og oransje.

I bygda har vi alternativ feiring; vi lagar ein fest i staden for å sende ungane ut for å tigge etter snop. Straumshamn og Folkestad arrangerer kvart sitt år, og i år er det vår tur. Eg har kjøpt ny parykk i det høvet, og eg må seie eg ser litt fram til både Halloween og hallo-vin i år. 13 lokale hekser skal nemleg på raid for å feire vinklubbens 10-årsjubileum dagen etter Halloweenfesten. Eg trur heksekostymet skal få bli att heime, sjølv om det heile høyrest litt Bloksbergaktig ut...

3 kommentarer:

  1. Eg har ikkje vore nokon stor tilhengar av halloween. Eg meiner det er Nille m.fl. som har pressa den amerikanske feiringa inn i vår kultur for å tene pengar. No er den ein del av barnekulturen, so I give in ..

    SvarSlett
  2. Frå USA har vi fått morsdag, Halloween og Valentins Day. Alt til glede for handelsstanden.Får seie som diktaren (André Bjerke?):Dette vil ergre de store, men enkelte små vil det more. Det finst viktigare saker å kjempe imot.

    SvarSlett
  3. Uff, det fatet såg ikkje vidare lekkert ut, men maten smaka betre enn han såg ut. Det går litt fort i svingane når eg skal legge varm mat på fat-----

    SvarSlett