fredag 15. oktober 2010

Thank God, it's Friday...

I kvardagen kjennest det ofte som om det berre finst to dagar: måndag og fredag. Dagane går fort, og det er mykje som skjer, utan at ein eigentleg registrerer det. På jobb er dagane varierte; denne veka har vi mellom anna laga turistbrosjyrer frå Toronto og sett filmatisering av "Et dukkehjem". Vi har hatt brannøving og øvd oss på å bruke språklab'en. I denne hektiske perioden før jul er det mykje planlegging, og mange tankar som skal strukturerast og tidfestast. For å henge med i svingane, ser eg det som viktig (og nødvendig) å halde meg i form og få nok frisk luft, noko som tek ein del tid, men som ein får att for i form av meir energi. Hausten er ei vakker årstid, og det har vore mange klåre dagar og stjerneklåre kveldar i det siste.

Når eg skal slappe av, blir det gjerne med ei bok eller ein film. Det blir mindre og mindre ordinær tv-sjåing, bortsett frå når ungane tek kontrollen (bokstaveleg tala). Facebook står som regel på, og eg syslar med husarbeid og skulearbeid innimellom.

Eg kjedar meg aldri.

2 kommentarer:

  1. Kjedar meg sjeldan og aldri eg heller. Det einste er dersom eg blir tvinga til å vere i kjedelig selskap av ein eller annan grunn. Vi har tenkt litt på glatte vegar etc. i det siste. Far din skal ut og drage liner f.m. men måtte vente til det ikkje var glatt på vegane lenger.Han fer no. Han er klar til å legge på vinterhjula di kva tid som helst,så sant han er heime.

    SvarSlett
  2. Kjenner meg att der. Eg blir spurt om TV-reklame på slike undersøkingar på mail. Eg ser ikkje reklame! Eg tek opp filmar og ser dei når det passar. Det same gjeld andre program. Ungane vil helst sjå konkurransar fredagane og laurdagane, men fredagane er dei ofte ute og rek.

    SvarSlett