søndag 14. november 2010

Bok 58 2010: "Bly" av Lars Saabye Christensen

Det er mange år sidan eg las "Beatles", men resten av trilogien har lege i "skal lese"-bunken heilt til no. I og med at ein av norskelevane mine vil skrive fordjupingsoppgåve om dei tre bøkene, fann eg det påskotet eg trengde. Eigentleg burde eg ha lese oppatt "Beatles" først, så eg hadde den friskt i minnet, men det var godt mogleg å lese "Bly" som ein frittståande roman. I starten møter vi Kim Karlsen, som gir nokre fragmentariske døme på kva han har opplevd dei siste ti åra. Ein blir som lesar litt forvirra, for framstillinga minner om ein slags draum eller eit syn frå ein rus. Etter kvart vert det meste klarare for oss, gjennom dei ulike delane.

Som vanleg trur eg at eg burde ha sett i papirutgåva for å få oversyn over dei ulike delane, men Kim Haugen les veldig godt, med ulike stemmer og snakkemåtar for dei ulike personane.

1 kommentar:

  1. Eg har lese alle tre bøkene i "serien", men med for lange intervall. Kanskje les eg alle tre fortløpande ein gong, for å sleppe all forvirringa. Har altså lese alle tre som lydbøker.

    SvarSlett