lørdag 20. november 2010

Ein nydeleg novemberlaurdag

Sidan Storegut var på besøk med ein kompis, var det berre dei to yngste som var heime i dag. Veslejenta skulle i selskap tidleg, så då vart Minstemann og eg aleine. Eigentleg skulle eg vaske hus, men dagen var nydeleg med strålande sol, så vi var ute det meste av dagen. Nabogutane hadde besøk av ein kompis til, så det vart mykje traktorkjøring og denslags leik.



Husvasken tok eg då sola var gått ned.

3 kommentarer:

  1. I dag/kveld frys eg same kor Nils fyrer, så eg lurer på om det kjem snø. Amanda er blitt stor tøff jente, nesten litt synd at dei så fort blir store.(Men verre om dei ikkje hadde blitt det).Trur dokke har meir sol enn vi, i alle fall samanhengande.Har sett heile X-faktor i dag, for første gong. Synest ikkje Mo er så fabelaktig å synge-han er meir showmann.

    SvarSlett
  2. Eg synest dette veret gir februarfølelse. Eg trur jula kan kome brått på!

    SvarSlett
  3. Det ser litt kjekkare ut i sola, ja! Eg synest det er altfor kaldt og ser ikkje akkurat fram til månedane som kjem....

    SvarSlett