søndag 14. november 2010

Farsdag: ballj, basar og Bjørnson


Laurdag var ungane og eg i Ørsta og feira farsdag for min far, men i dag skulle deira far feirast. Festmiddagen laga han sjølv, og det var ballj og brudevoldmôr. Eg åt altfor mykje, og det var derfor tvingande nødvendig å gå ein tur med hundane før basaren. Minstemann vart med på turen.

For tredje søndag på rad stilte familien på basar, denne gongen for korpset i bygda. Dei tre korpsmedlemmene var ivrig involverte i både speling, åresal og utbering av gevinstar, men det vart òg noko tid til kaffi og kaker.

Eg gjekk ein tur til med hundane etter basaren, men det er ikkje så hyggeleg å gå tur når vegane er så glatte som no. Månen og stjernene er derimot så vakre at utelivet freistar.

Vel heime sette eg meg føre med Bjørnsons samlede. Onsdag skal heile skulen på teater og sjå "Over Ævne II", noko eg er litt spent på utfallet av. Eg førebur meg i alle fall så godt eg kan på det vi skal sjå, og så får tida vise om det fell i smak.

2 kommentarer:

  1. Bjørnson er vel ikkje akkurat det ungdommar er mest begeistra for kan eg tenkje meg,men han er no ein gong plassert blant dei fire store, så då så.
    Det blir litt for mykje god mat for tida. Vi hadde såkalla "restar" i dag.Dessutan har eg baka brød som vi skal smake på. Og eg får ikkje gått av meg eit gram.

    SvarSlett
  2. Både Ø og H hadde sett stykket, og dei seier det er temmeleg eksperimentelt. Det har fått mykje negativ omtale. Vi får sjå!

    SvarSlett