onsdag 24. november 2010

Minstemann 7 år!

I dag var det Minstemanns store dag, og den har han gleda seg lenge til.

Dagen starta med "morgengave" som låg klar på kjøkenbordet då han stod opp. Den eigentlege presangen frå familien skulle han få seinare på dag, men eg meinte han skulle få markere dagen frå morgonen av. Derfor vart det sjokolade før frokost i dag.

Etter ein dag med mykje moro saman med naboguten, og mykje uteliv i vakker novembersol, sette han og eg kursen mot Volda, der faren, søskena og besteforeldra venta med gåver og gratulasjonar. Vi feira med pizza på Viva Volda, men hovudpersonen sjølv ville ha spagetti bolognese.






Farfaren måtte òg heidrast litt i dag; han blir nemleg 70 år i morgon. Vi feira altså ein 7-åring og ein 70-åring samtidig - det er historisk!

Bileta talar sikkert for seg sjølve. 7-åringen var strålande nøgd med både harde og mjuke pakkar, gjestar og selskapsmat. Etter ei stund lurte han på om det var ferdig snart, for han ville heim for å bygge lego.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med 7-åringen!
    Ser ut som han har hatt ein fin dag!

    SvarSlett
  2. No funkar laptoppen igjen, heldigvis. Kjekk feiring av Erlend i dag.

    SvarSlett
  3. Det var artig å sjå på bileta kor strålande han såg ut - han hadde sett fram til den feiringa! Tradisjonelt barneselskap skal han ha på laurdag.

    SvarSlett