onsdag 17. november 2010

Over ævne - eller i alle fall bak mål...

Javisst var eg pessimistisk, men som så ofte før fekk eg også rett. "Teatret vårt" sette opp Bjørnsons "Over ævne II", og elevane våre fekk tilbod om gratis teater i skuletida. Så langt var det greitt, men så var det oppsettinga, då. Eksperimentelt teater høver kanskje for 5% av målgruppa, medan resten blir skremde frå å gå i teatret i vaksen alder. For mange er skulen den einaste instansen som tilbyr dei teateropplevingar, og då ser eg faktisk ikkje noko poeng i å skremme dei vekk på denne måten. Når alle elevar skal sjå det same stykket, kan det godt vere eit tradisjonelt og lettfatteleg stykke. Det eksperimentelle føreset kjennskap til det tradisjonelle. Teaterfolk er sikkert lut lei av tradisjonelle oppsettingar, men ein må vel også i denne bransjen "kjenne sitt publikum"?

Fleire elevar gjekk midt i stykket - eg håpar det var ein protest, og ikkje fordi dei skulle nå ein buss.

7 kommentarer:

  1. Anten må det vere skrive for ungdom, eller så må det vere ein klassikar!

    SvarSlett
  2. Gjerne ein klassikar utan for mykje dill - Holberg slår ofte an med litt modernisering.

    SvarSlett
  3. Eg synest det er interessant at det blir eksperimentert med klassiske stykke. Men som du seier er det ei forutsetning at ein kjenner stykket GODT frå før.Teateret vårt, som er ein relativt lokal institusjon, kunne godt vende seg mot eit breidt publikum i utgangspunktet. Elles blir det ein ein liten fast teatergjeng og få nye som prøver seg.

    SvarSlett
  4. Apropos elevane som gjekk midt i framsyninga:Kan ikkje la vere å sitere Peer Gynt:Se det fikk Fanden fordi han var dum, og ikke beregnet sitt publikum.

    SvarSlett
  5. Etter dagens debriefing og heilslakt av stykket kunne eg bruke det som døme på det meste då eg gjekk gjennom utviklinga av moderne drama. Her var bruk av musikk og film, illusjonsbrot, involvering av publikum m.m. Stykket både begeistra og provoserte, og det var såleis kanskje ein suksess trass alt? Aldri så¨gale...

    SvarSlett
  6. Eg var sjølv å såg teateret. Eg meinar at det var eit rart og forvirrande stykke, men eg meinar at det var veldig repsektlaust å gå under framføringa!

    SvarSlett
  7. Eg er einig med deg Sofie at ein godt kan vise folkeskikk og sitje roleg under ei framsyning, og eg synest generelt sett at elevar er kravstore når det gjeld underhaldning i skuledagen. Fleire sit heller og spelar dataspel enn å høyre på læraren, eller dei kritiserer filmar læraren vel fordi dei er "kjedelege". Dersom det var slike haldningar som låg bak at elevar gjekk, synest eg ikkje det er noko særleg. Dersom det var ei medvita handling, stiller det seg litt annleis.

    SvarSlett