fredag 1. april 2011

Bok 20 2011: "Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant" av Jonas Jonasson

Denne romanen er fylt av humor i same stil som den Arto Paasilinna, som forresten vert nemnt i boka, skriv i. Handlinga dreiar seg om ein mann som rømer frå institusjonen han bur i på hundreårsdagen sin, og som møter fargerike menneske og opplever litt av eit eventyr undervegs. Samtidig får vi høyre livshistoria hans, om korleis svenske Allan får mykje å seie for verdshistoria - eg fekk ein assosiasjon til Forrest Gump.

Romanen har lite annan verdi enn rein underhaldning, og nokon Paasilinna er Jonasson ikkje. Likevel er det ei morosam leseoppleving for oss som likar slik heilsprø humor.

2 kommentarer:

  1. Eg likte spesielt den linja om Paasilinna, for akkurat det tenkte eg også. HER manglar den doble botnen.
    Heilt samd i det du skriv.
    Forrest Gump har eg aldri lese, men har eg sett filmen????

    SvarSlett
  2. Eg tenkte på filmen "Forrest Gump" med Tom Hanks i hovudrolla. Den må du sjå viss du ikkje allereie har sett den.

    SvarSlett