onsdag 30. mars 2011

Pakkar i posten

Veslejenta har masa seg til å bli medlem i Penny-klubben. Kvar månad får ho ein pakke som inneheld ei bok og diverse ting og klesplagg med hestemotiv. Mamma betaler, og Minstemann får hestefigurane som ofte er ein del av sendinga.

Sjølv hadde eg ei ledig stund på jobb ein dag, og enda opp med nok ei bestilling på CDON. Inspirert av fordjupingsemna til elevane mine enda eg opp med første sesong av seriane "The Wire" og "Dexter", i tillegg til fem spelefilmar og ein dokumentar (som var den eigentlege årsaka til at eg gjekk inn på CDON i den fristunda). Ingen figurar og plakatar, men mykje underhaldning i tida som kjem.

1 kommentar:

  1. Det er spennande med pakkar i posten sjølv om ein må sørge for dei sjølv.Kjekt at de fekk så fint ver på "fridagen". Håper vi får fleire slike dagar-føler meg heilt GRÅ etter denne vinteren.Ja, ikkje berre føler, eg ER grå.

    SvarSlett