tirsdag 14. februar 2012

Barnepiken (the Help) på film

Endeleg kom den i posten, og endeleg fekk eg tid og høve til å setje meg ned og sjå film. Etter å ha likt boka godt er det alltid vanskeleg å sjå ein film, for der er så mykje som vert utelate eller ikkje forklart godt nok. Ein del er dessutan endra, til dømes heile komposisjonen i boka. Eg sleit litt med å kjenne att figurane og miljøet, og nokre av dei var direkte karikerte. Likevel likte eg filmen, og eg trur at eg kan kome til å bruke den i undervisninga for å vise korleis segregering var i praksis i Sørstatane på 1960-talet. I VG1-klassen har eg allereie vist "Mississippi Burning", så i år blir filmen i tilfelle brukt i gruppa i internasjonal engelsk.

4 kommentarer:

  1. Dette er ein av dei filmane basert på bøker eg har lese, som eg har likt best. Syntest filmen var ganske lik boka, sjølv om personane såg noko annleis ut i min "indre film".

    SvarSlett
  2. Eg kjøpte denne til meg sjølv i Oslo. Får vel sjå den når karane reiser på fotballtur ...

    SvarSlett
  3. Kjøp deg eit eige TV !Fordi du fortjener det.

    SvarSlett
  4. Sjå film på data om alle tv-ar er opptekne! Eg likte denne filmen veldig godt. Boka tykte eg var veldig rotete i starten.

    SvarSlett