torsdag 9. februar 2012

Bok 10 2012: "Øst for Eden 2" av John Steinbeck

Om eg var begeistra for den første delen, er eg minst like begeistra for den andre. Mesteparten av denne boka handlar om dei to tvillingbrørne Aron og Caleb, men her er òg fleire bipersonar som har interessante og spennande bakgrunnshistorier. Ikkje minst er det spennande å sjå korleis det går med mora deira, som forlet mannen og dei nyfødde sønene for å livberge seg som prostituert, og kinesaren Lee, som er den som tek seg mest av gutane i oppveksten.

Eg burde lese bøkene på engelsk, for dei er omsette til eit gammaldags bokmål med nokre irriterande feil. Ordet "straw" vert til dømes omsett til "strå" når det er noko ein bruker til å drikke brus av på café. Årsaka til at eg les dei på norsk er at eg har arva ein bunke gamle bokklubb-bøker, og då er det lettvint å lese dei slik dei ligg føre i bokhylla.

No ser eg fram til å sjå filmen, som eg allereie har fått i posten.

1 kommentar:

  1. Det var første filmen eg såg med James Dean, og då var haln allereie død.Filmane kom ikkje til Eid mens dei var ferske.Men som vi elska den filmen +JD

    SvarSlett