lørdag 18. februar 2012

Bok 12 2012: "Rinnans testamente" av Ola Flyum og Stein Slettebak Wangen

Då motstandsmannen Odd Sørli døydde, skulle slekta slå sund arbeidsbordet hans. Det viste seg at pulten inneheldt eit manuskript om Henry Oliver Rinnans liv som landssvikar, ført i pennen etter diktat frå Rinnan av Odd og broren Kjell. Like etter krigen var det umogleg å få publisert manuskriptet, så det vart gøymd.

Innhaldet i boka eg har lese er ein presentasjon av dette manuskriptet, men òg kommentarar om kva som har vore sant, og kva som er skrøner og mytologi. Rinnan ønskte i 1945 å stille seg sjølv i eit positivt lys, for mellom anna å redde livet sitt, og Sørli-brørne vart noko prega av framstillingane hans.

Ei interessant bok for alle som er opptekne av andre verdskrig - ei utømeleg kjelde til spekulasjon og ettertanke.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese veldig lite frå 2.verdskrigen, det var vel for NÆRT i mange år. Men eg har faktisk lese ei bok som også handlar om Rinnan. Skal sjå om eg finn den att. Hugsar at den var bra, men eg hugsar veken tittel eller forfattar. Viss eg ser den kan det hende at det går opp eit lys.Det var i si tid ei bokklubbok.

    SvarSlett
  2. Eg høyrde sjølvsagt mykje av lydboka medan eg monterte. Arbeid blir kjekkare når ei har ei god bok!

    SvarSlett