mandag 20. februar 2012

East of Eden (1955)

Sidan eg nyleg las begge bøkene, "måtte" eg bestille filmen òg. James Dean spelar den sjalu tvillingbroren Caleb, og han er berre fantastisk i rolla. Elles er filmen svært annleis frå bøkene; den "gode" tvillingen er langt mindre sympatisk i filmen enn i boka, tyskaren Albrecht får ei viktigare rolle i filmen og den kinesiske hushaldaren er fråverande. Mora Kate blir glimrande framstilt, og faren Adam likeså.

Konklusjonen min er at filmen ikkje kan måle seg med bøkene, men at James Dean er fantastisk. Eg ser på internett at det finst ein miniserie frå 1981 basert på dei same bøkene - kanskje eg "må" bestille den?

4 kommentarer:

  1. Då eg såg filmen i 1956 (?) var James Dean alt død, og eg hadde ikkje lese bøkene. Du kan vel tenke deg at filmen gjorde inntrykk ?
    At kinesaren ikkje er med har vel med det å gjere at barndommen ikkje er med i filmen? Men tenk for ein serie ein kunne laga av desse bøkene!

    SvarSlett
  2. Kinesaren var viktig i ungdomen òg, men dei har valt han bort. At tyskaren vert mobba og får ei viktig rolle, er vel på grunn av andre verdskrig. "Rotløs ungdom" er ein betre ungdomsfilm, slik eg ser det.

    SvarSlett
  3. Jane Seymour spiller moren og var imponerende i TV-serien som gikk på NRK for lenge siden. Dessuten var det vel Bruce fra Ville vesten som spilte han snille trur jeg. Må være fra tidlig 80 tallet, husker jeg satt som klistret.
    W

    SvarSlett
  4. Den serien er laga i 1981, etter det eg forstår. Skal prøve å skaffe meg den!

    SvarSlett