mandag 13. februar 2012

Fill her up

I dag stilte Barnefaren med Storebil, og inn i den fekk han stappa ei vaskemaskin, ein tørketrommel, eit golvteppe og ein Kenwood mixmaster. Det gjeld å tenke klart når ein er på handel, og ikkje alt er naudsynt å bruke like mykje tid på. Eg synest det er greitt å sjå på møblar, tepper o.l. på Internett før eg handlar, så eg får oversikt over prisar og utval.

Teppet skal ligge under spisestuebordet, og eg valde derfor eit lett og nøytralt teppe som skal vere enkelt å halde reint. Eg tenkte det kunne vere greitt å ha teppet liggande når bordet skal monterast.

5 kommentarer:

  1. Stilig teppe! Eg held på å bli inspirert ...

    SvarSlett
  2. Kjekt du blir inspirert - men blir du imponert? Det er vanskelegare enn folk trur å begynne å bygge seg opp ein heim frå grunnen av. Nye ting er gjerne fine, men dei må følest litt heimlege òg.

    SvarSlett
  3. Fint teppe! Eg hugsar ein gong for lenge sidan eg kom inn i ein heim, der eine stova var rotalt fornya. Det var som ei møbelutstilling. Det unngår du med å henge opp bilde, sette fram pynteting som du har frå før og få blomster i vinduskarmen etc.etc. Det blir fort heimslig og litt sånn smårotete som det skal vere.

    SvarSlett
  4. Til no har eg halde meg til nøytrale fargar, så det kan sjå litt svart ut. Men berre vent; fargane kjem etter kvart! Rotet òg, er eg redd...

    SvarSlett
  5. Så kan du ta inn berre det du liker av det du har ;-)

    SvarSlett