tirsdag 28. februar 2012

Kule klede i Fagre Stryn



Storegut skal både døypast og konfirmerast i år, og då trengst nye klede. I dag sette vi derfor av garde til Stryn etter skule/jobb og kjøpte dress på Moods of Norway. Der var mykje fint både til unge og gamle, men i dag vart det berre handla det vi skulle ha - altså dress til dåpsbarnet. Etterpå åt vi middag på café før vi handla mat og drog heim.

Vi bur ein knapp times reise frå Stryn og ser ikkje føre oss at vi kjem til å nytte den påkosta Kvivsvegen som sentrumsfolket ser slik fram til. Når sentrumsfolk og ein del langtransport kjører Kvivsvegen, vil vi få mindre trafikk gjennom bygda, men vi fryktar sjølvsagt for ferjetilbodet for oss som reiser den vegen.

3 kommentarer:

  1. Sikkert ein stilig dress til stilig kar! Litt mindre styr trass alt enn bunadsprosjekt...

    SvarSlett
  2. Ja, det er langt enklare med gutar på mange måtar.

    SvarSlett
  3. Har tenkt meg ein tur til Stryn sjølv, snart, men det er LITT lenger for oss.

    SvarSlett