søndag 5. februar 2012

Lister på laurdag


Laurdag spreidde vi oss rundt på ulike stader og aktivitetar. Barnefaren brukte mykje av dagen til å legge lister o.l., Storegut hjalp til med å koste vekk støv og rusk før han for på studioinnspeling og overnatting på Bjørkedalen.

Eg gjekk først ein lang tur aleine med lydbok, deretter tok eg meg hundane og dei to minste på sparktur. Vi kosa oss dessutan med barne-TV og MGP. Då Barnefaren kom heim ut på kvelden, hadde han gjort ferdig alt anna enn rommet til Minstemann (vi manglar nokre plater). I tillegg mangla han fugemasse til noko småplukk. Måndag blir det ein månad sidan vi starta på prosjektet - det har gått fort, men mykje står att sjølv om oppussinga vert ferdig.

2 kommentarer:

  1. Det ser veldig fint ut, og vi gler oss til å sjå det heile live.De er velkomne hit i morgon, om de skulle vere i tvil.

    SvarSlett
  2. Resten av materialet skal hentast i morgon. Når det er kome på plass, kan eg vaske vekk støv frå prosessen og så er det berre å kome når det måtte passe. Eg er rimeleg stolt og ivrig etter å vise fram :)

    SvarSlett