onsdag 15. februar 2012

Mamma Monterer



Eigentleg skulle vi ha besøk av ein kompis på fridagen, men det vart endring i planane. Etter litt vurdering, og ein heil del skulearbeid, fann eg ut at eg skulle fylle opp Lillebil med diverse servise og leiker medan eg steikte pannekaker. Etter middag kjørte så ungane og eg inn til Nyehuset, der vi sette på plass det vi hadde med oss og monterte ei hylle til å ha på badet nede. Storegut og eg debuterte med skruemaskin (er det det som heiter drill?), og vi var svært nøgde med resultatet. Dermed kasta vi oss over arbeidsteikningane til TV-bordet, men etter over ein halvtime gav vi opp. Vi skuldar sjølvsagt på dårlege arbeidsteikningar.

Serviset hadde eg pakka i nyvaska, nyinnkjøpte handdukar, og desse var meint til å ligge pent samanbretta i den nye hylla. Vi får sjå korleis det ser ut om eit par månader.

No ventar eg på eit lass møblar som skal leverast på døra - og så håper eg at eg får til å montere dei 18 stolane sjølv. Batteriet til skruemaskina ligg i alle fall til lading.

6 kommentarer:

  1. Dokke er no bra flinke då! Å montere møblar etter arbeidsteikningar er ikkje berre enkelt, men enda verre utan. Far din plar prøve naturmetoden, men etter ei stund må arbeidsteikningane fram. Verken han eller eg er særlig flinke å ta oss av flatpakka møblar.

    SvarSlett
  2. Eg er veldig imponert over innsatsviljen og pågangsmotet! Det høyrest veldig spennande ut det du held på med. Må vere litt rart og...

    SvarSlett
  3. Det er både spennande og rart. Mest kjekt, men merkeleg å starte eit nytt liv i min alder.

    SvarSlett
  4. I din alder? Du er no berre barnet!Eg er ein heil generasjon eldre-så eg kan snakke om alder.

    SvarSlett
  5. Alt er relativt. Då Veslejenta lurte på kva eit skrujarn var, tenkte eg det var best å inkludere neste generasjon i fleire prosessar i heimen.

    SvarSlett