tirsdag 31. januar 2012

Store planar, liten bil

Internett er fantastisk. I ei ledig stund i dag fann eg ut at nokre møblar eg hadde tenkt å kjøpe på Jysk er på sal denne veka. Og då snakkar vi om VERKELEG lave prisar! Eg har nemleg bestemt meg for å kjøpe billeg slik som vert fort slite uansett, men at det skal vere i same stil som resten av møblementet.

Problemet var då: korleis få med seg møblane? Dette var ein jobb som bokstaveleg tala var for stor for meg og Lillebil.


Ei kjapp melding på facebook med lenkjer til dei aktuelle møblane, og saka var i boks. Barnefaren skulle nemleg på bandøving i nabohuset til Jysk, så han stakk berre innom, handla og lempa møblane inn i Storebil. Han fekk fullmakt til  godkjenne utstillingsmodellane, og dei duger heilt greitt. Fangsten i dag var eit salongbord og to lenestolar med krakk - samla pris var svimlande 2300 kroner!

Eg skal innom Jysk sjølv ein annan dag for å sjå på TV-møbel, blant anna. Og så har eg så smått begynt å tenkje på gardiner og teppe. Det irriterer meg at ein stort sett berre får tak i det som er høgste mote, og no er det mange blasse fargar i interiør. Eg er klar for noko litt sprekare enn beige...

2 kommentarer:

  1. Heilt greitt å kjøpe billige slitemøblar, men ein må vere budd på at billege skinnstolar er av ein annan kvalitet enn Stressless.
    Eg er sikker på at vi finn fine gardiner på Målar-Olav. Eg har vore innom Jotex mange gonger utan å finne noko.(Ikkje i det siste, altså)

    SvarSlett