tirsdag 7. februar 2012

Segmentering? Nei takk

Innan marknadsføringsteori nyttar ei omgrepet segmentering om klassifisering av forbrukarar. Eller "stempling", på godt norsk.

Siste vekene har eg irritert meg over annonseringa på facebook. Det har hagla av tilbod på slankebukser, slankebelte og slankepillar. Då eg tok opp "problemet" med nokre elevar, sa dei at dei aldri fekk slike annonsar på sidene sine, og at det truleg hadde noko med alderen min å gjere. "Alle" kvinner på min alder slankar seg eller vil sjå tynnare ut med juksebukse.

Lettare irritert fjerna eg alle slankeannonsane. Då poppa det opp nye annonsar; denne gongen for rynkefjerning, fjerning av åreknutar og pillar mot "overgangsplagar".

Kvifor kan eg ikkje heller få reklame om vårens skomote, nye vinar frå Vinmonopolet, weekend-reiser til London eller studium på Internett? Det ville ha gjort dagen min langt hyggelegare enn denne konstante påminninga om kva segment av folket eg tilhøyrer.

No saknar eg juksebukse-annonsen, som eg kunne le hånleg av, og torer ikkje fjerne rynke-annonsane i frykt for kva som då kan dukke opp. Blir det "Tena Lady", kanskje, eller vårens nyaste rullatorar?

6 kommentarer:

  1. Eg synest du skal vere GLAD for at du ikkje treng alt dette slankeutstyret og rynkefjerningskremane. Tenk på alle oss som TRENG slikt-det poppar opp på våre skjermar også. Men viss du er om deg, kan du abonnere på all slags festlig reklame. Eg sletta forresten Moods of Norway i går. Trur ikkje eg er i målgruppa.

    SvarSlett
  2. Det irriterer meg berre at nokon sit og TRUR at eg treng slankeutstyr, berre fordi eg er kvinne i ein viss alder.

    SvarSlett
  3. Fiks på alderen din på fb, gå for 18!

    Eva

    SvarSlett
  4. Skjeve tenner? - reklame for tannregulering står på min! Men det heller er vel ikkje ei fjortissak lenger!

    SvarSlett
  5. Tenk på alt eg KUNNE ha fått på mi side! Det kunne blitt ganske ufyselig.Slankepillar og rynkekrem er berre begynnelsen.Tannregulering er aktuelt, så lenge ein HAR tenner.

    SvarSlett
  6. Tannregulering har ikkje vore nemnt, men derimot tannbleiking... Godt tips frå Eva der!

    SvarSlett