lørdag 25. februar 2012

Vinterferie dag 6: innflytting

Dagen i dag vart ein merkedag for oss. Vi flytta nemleg inn i Nyehuset! Barnefaren fylte opp Storebil med møblar, sekkar og kasser, medan ungane og eg kom etter med mat og toalettsaker i Lillebil. Etter det har vi montert opp møblar, fått tv-en til å virke, lagt på plass ting og vaska klede. Mykje arbeid, men no tek vi kveld med popcorn og tv.

Første middag i ny heim vart tomatsuppe med tilbehør, servert i nye skåler på adventsduk.


Litt montering av nyinnkjøpte møblar vart det i dag òg - ei hattehylle og matchande skohylle er på plass i gangen.

4 kommentarer:

  1. Då vil vi ønske dokke lykke til i det nye huset, det går vel nokre dagar før det kjennest som "heime".

    SvarSlett
  2. Det kjennest heilt flott; "Home is where your heart is"!

    SvarSlett
  3. Tusen takk! Det står att mykje arbeid med utflytting og nedvask av tidlegare heim, men det kjennest bra endeleg å ha sitt eige.

    SvarSlett