søndag 26. februar 2012

Vinterferiens siste dag: søndagstur i skogsvegen


Etter ein sløv morgon og føremiddag gjekk småungane og eg på tur med hundane i skogsvegen. Etterpå baud Barnefaren på søndagsmiddag, og no ventar eg berre på at Storegut skal kome att frå konfirmasjonsleir. Eg skal hente han på ferja, og er spent på om han har hatt det kjekt.

Ferien er over, og eg har fått gjort det eg skulle i løpet av ferien. Det er eg sjølvsagt nøgd med, men eg er òg veldig sliten. Flytting er slitsamt, og enno er eg ikkje ferdig med å kome meg ut av og vaske ned min tidlegare heim. Enno står her kasser og sekkar fulle av ting, og eg må skaffe meg stovegardiner og fleire bokhyller. Eg må berre ta det litt etter kvart, for det blir travle tider på jobb òg fram til påske. 

2 kommentarer:

  1. Ser at hundane også kosar seg i snøen-minner om Nadja.
    Hugsar då vi flytta frå Melle til Engeset. Då vart fleire pappkasser ståande midt på golvet i dagevis fordi eg var heilt gåen, og eg var ikkje i jobb. Hadde det vore litt tak i meg, hadde eg vaska ned til deg, men kanskje du har eit par veninner som kan hjelpe? Eller nokon kan gjere det mot betaling? T.d. vertinna oppi bakken.

    SvarSlett
  2. Eg har opptil fleire vaskeføre born!

    SvarSlett