torsdag 12. november 2009

2 x syk pike



No er Nummer 3 òg sjuk - det står att å sjå om det er "svineri" eller ikkje. Eldstejenta ligg framleis rett ut. Då eg kom heim frå jobb i dag, låg dei i kvar sin ende av sofaen og såg "Sound of Music" - "den beste filmen ej he sett", for å sitere Nummer 3. I går fekk Eldstejenta sjå "Finding Neverland", og i bloggande stund ser den mest feminine helvta av familien "Miss Potter". Dei to sistnemnde filmane har eg fått låne av kollega K, og ho har dermed gjort passing av sjuke born litt festlegare enn det elles ville ha vore...

5 kommentarer:

  1. Like godt at dei får det på samme tid, så kan ein bli ferdig med det.Og når dei er såpass at dei kan sjå film er det ikkje gale.(Men sikkert gale nok).De får no berre skaffe noko dei kan sjå på, og etter helga skulle vel Ingeborg snart komme seg på beina att? Hels pasientane

    SvarSlett
  2. Ja, eg reknar med at ho er på beina att måndag, men fleire av elevane mine seier sykja sit lenge i. I dag var 7 av 27 borte frå skulen...

    SvarSlett
  3. Festleg og festleg, fru Blom.. Eg hulka meg gjennom båe filmane, men så er eg no kanskje ikkje noko referansepunkt på dette området heller. God betring til båe jentene, håpar det går fort over!!

    K

    SvarSlett
  4. Takk for det. Og forresten: eg hulkar meg gjennom alle tre!

    SvarSlett
  5. Dei får ha god betring! Viss det er influensaen så vert de ferdige med den, og mora slepp unna...
    Her har det ikkje braka laus enno, men spreidde tilfelle har vi, to i klassa ...

    SvarSlett