onsdag 31. mars 2010

"Moy sjmykk" på Moa i dag!

Eldstejenta hadde bursdag nyleg, og mi gåve til henne var ein tur til kjøpesentera på Moa, utsett til i dag. Ho hadde fått ein del pengar til dagen sin, og det meste av dette ligg no att i kassa-apparata. Med seg heim hadde ho ein heil del vårlege klede, medan mora lenge såg ut til å ende opp med ein papirpose med to par øyredobbar. MEN så tok Gamla av på ein interiørbutikk og fekk med heim fine boksar, emaljerte dørslag og duftlys til både seg sjølv og dottera.



Av kulinariske opplevingar kan eg nemne svele på ferja, orientalsk tapas på "Sunn og Nam" (dummaste namnet på ein restaurant, men god mat) kaffi på Statoil og ein bringebærsjokolade på deling.

5 kommentarer:

  1. Sunn og Nam på Blåhuset i Ulsteinvik har vi frekventert eit par gonger-som du seier dumt namn...men det er vel ei kjede?
    Den uniformsjakka til Ingeborg såg tøff ut! Det andre var sikkert fint det også, men vanskeligare å få noko skikkelig inntrykk frå bilda.Koselig med handletur, men det krevst ein viss kondis.

    SvarSlett
  2. 7500 skritt på fire timar. Og Eldstejenta vart først sliten.

    SvarSlett
  3. Dette høyrest svært bra ut, fin bursdagspresang!
    Føle meg litt vel nysgjerrig når eg er innom bloggar til folk eg faktisk kjenne (ikkje så nøye elles,nei).

    SvarSlett
  4. Reknar med at mora har betre kondisjon og trening enn døtra når det gjeld mallwalking.

    SvarSlett
  5. Dottera er bra veltrena ho òg, må vite. Eg var i grunnen sliten etter lukeparkeringa i parkeringshuset, men så gjekk eg meg inn i eit spor...

    SvarSlett