I dag tok vi turen til Stigedalen. Nummer 2 sette av garde innover mot Movatnet, jentegjengen gjekk samla inn til Sagesetra, og Gubben og Minstemann gjekk sist i løypa. Ved Sagesetra la Gamla ut på jaktstart etter Nummer 2, og eg møtte han att like ved Movatnet, der han hadde møtt på ein kompis. Slik gjekk det til at eg også i år kom aleine fram til målet.
Påskekjensla var på topp, sjølv om sola ikkje braut heilt gjennom skylaget. Eg trur eg er blant dei få som gjerne hadde sett at denne vinteren ville vare eit par månader til - i alle fall på fjellet.
Kjempefint å komme seg ut, snø eller ikkje, men eg kunne godt tenke meg sparkføre. Litt vanskelig å kombinere med ein gryande vår, kanskje? Håper du ikkje blir verre i skuldrane etter skituren. Kven skulle trudd at du blei slik skientusiast?
SvarSlett;-) De er flinke å gå på ski. Eg vil heller gå på beina no ...
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettOg forfattaren var eg som trykte dobbelt !
SvarSlettIt's an awesome paragraph in support of all the online visitors; they will get advantage from it I am sure.
SvarSlettHere is my site :: online backup reviews
Also see my web page: unlimited online backup