lørdag 10. april 2010

To gode venninner

Nummer 3 og venninna har hatt ein travel dag med mange prosjekt ute og inne, medan gutane har hatt underhaldning i å spionere på dei. Det låg rim på markane då vi vakna i dag, men utover dagen har krokusen og påskeliljene fått fart på seg. Våren er ei herleg årstid!

3 kommentarer:

  1. Ja, enten du trur det eller ei er det teikn til vår her også. Har observert både blomstrande krokus og snøklokker der det er bert. Eg låg på altanen ei stund i dag e.m. med dyne etc. og hadde det varmt og godt.
    Far din driv og flyttar på snø i ledige stunder; eg har også gjort litt.Stod ute og planta avleggerar i blomsterpotter i dag.

    SvarSlett
  2. Det var ein som sa at det beste med våren er sykkel og småsko! Eg har i alle fall tatt fram mamma sin sykkel!

    SvarSlett
  3. Eg såg hestehov då eg gjekk tur i kveldinga!

    SvarSlett