Arbeidsplassen min ligg fantastisk flott til med utsikt over fjell og fjord. I tillegg har vi no flunkande nye vindauge, og det er ei pine å måtte ta ned persiennene for å stenge våren ute.
Frionsdagen regna fullstendig vekk, men i dag skein vårsola så vakkert att, og middagstipset vart derfor: IS. Det var berre Minstemann og eg som for heim etter jobb, og vi meska oss skikkeleg, sjølv om det då vi kom så langt hadde skya over og eg like etterpå fyrte i omnen.
Eg la meg ut på altanen og hadde ei herleg stund med lydbok under teppe og dyne.Då eg kom inn att sat eg og maila ei stund utan å merke at det hadde begynt å regne ned i "sengetøyet" mitt.
SvarSlett