lørdag 24. april 2010

Vårens første ballettshow

I år deler ballettskulen opp gruppene i to porsjonar, såpass vi får gå på to kortare show i staden for eitt langt. Denne helga er det klassisk og contemporary som står på plakaten, og begge jentene er med, i kvar sin del av showet.  Tradisjonen tilseier at Gamla kjøper inn billettar til dei resterande i familien + besteforeldra, så her snakkar vi om skikkeleg ballett-press.

Koreografien på den klassiske delen er temmeleg tradisjonell og endrar seg lite frå gong til gong, og personleg er eg meir imponert over contemporary-delen. Begge jentene gjorde ein god jobb i dag, og rosene dei fekk på premièren ville dei gi til morfaren, som var sjuk og ikkje kunne kome.

1 kommentar:

  1. Veldig kjekt at dei deler ballettshowet i to, for slike som har problem med å sitte t.d.Elles er eg samd i at contemporarydelen er den som har mest trøkk, liksom.
    Elles ville eg ha blanda sjangrane meir viss det var eg som bestemte, trur det kunne ha blitt meir spennande.Men eg er dessverre ikkje ballettpedagog.Rosene står fint på kjøkkenbordet vårt-

    SvarSlett