No skal det seiast med det same:Anne Holt er ikkje blant mine yndlingsforfattarar. Når eg no likevel har lese "Pengemannen", er det fordi den dumpa ned i postkassa då eg vart for sein til å avbestille den, og at eg då bestemte meg for å gi forfattaren ein ny sjanse.I byrjinga syntest eg boka var spennande. Ei lett utviklingshemma jente har opplevd noko vi ikkje heilt får tak i, og fleire mord skjer utan nokon openberr samanheng. Når brikkene begynner å falle på plass, vert forklaringane meir og meir sære, etter mitt syn. Eg enda faktisk opp med å like epilogen betre enn resten av boka, sjølv om det heile minte om "Berlinerpoplene", på eit vis.
Anne Holt går eg forbi i bibliotekhyllene-likar rett og slett ikkje bøkene hennar.
SvarSlettEr det henne eller bøkene? Eg har ofte vorte positivt overraska over krimromanane hennar, men eg liker ikkje å høyre når ho sit og snakkar om dei sjølv.
SvarSlettJa, det er endå verre å høyre henne snakke!
SvarSlettDet finst folk som greier å legge om dialekta, men ho knotar forferdeleg. I tillegg gjer ho den feilen at ho analyserer sin eigen litteratur.
SvarSlettEg likar ikkje BØKENE hennar-dama sjølv kjenner eg ikkje. Og ikkje gjer det meg noko at folk knotar- eg er forferdelig å knote sjølv-snakkar slik som dei andre, liksom. Sånn halvvegs.
SvarSlett