lørdag 17. april 2010

Fint vêr for barneteater

I dag har eg hatt med dei tre yngste i tillegg til nokre fleire ungar og vaksne i bygda og begynt å førebu 17. mai-program. Vi lagar eit lite teaterstykke som inneheld både spenning og humor, så dette lovar bra. Ute har det regna nesten heile dagen, det er nysnø langt ned i fjella og i det heile ganske utriveleg. No i kveldinga skal eg likevel spenne på meg uteklede og lydbok for å kople ut omverda ein times tid. 

2 kommentarer:

  1. Det er nesten bra at det ikkje er alt for fint ver når ein har slikt å gjere.Her har vi sett gamlesofaen ut på trappa og fått utestove.

    SvarSlett
  2. Det høyrdest faktisk litt koseleg ut!

    SvarSlett