lørdag 24. april 2010

Bok 17 2010: "Døde menn går i land" av Bernhard Borge

Bak pseudonymet Bernhard Borge står André Bjerke og Bjørn Carling. Boka er dramatisert for Radioteatret med mange skumle lydeffektar, og det er faktisk ei spennande spøkelseshistorie. Noko av det eg synest er mest interessant, er den enorme interessa for psykologi som pregar litteraturen frå den tida (boka kom ut i 1947). Det er dessutan interessant at gode bøker toler "tidens tann", sjølv om særleg språket vert noko forelda. Absolutt verd å lese!

3 kommentarer:

  1. Trur ikkje eg har lese denne, men eg las i si tid "De dødes tjern" av Andre Bjerke, også den i radioteaterversjonen.Også den spennande og psykologisk."Feilen" med teaterversjonane er at eg ikkje kan ha dei til sengelektyre, for brått kjem der ein ulyd......
    Dersom eg ikkje har lese denne er det grunnen til at eg ikkje har lånt den, for eg har sett den på biblio.

    SvarSlett
  2. "De dødes tjern" kjøpte eg på film nyleg. Tenkte å "sprite opp" norskundervisninga ved eit passande høve.

    SvarSlett
  3. Filmen er også bra,utfrå tida han vart laga. Både litteraturspråket og bildespråket endrar seg over tid.

    SvarSlett