fredag 16. april 2010

13-årsfeiring med bowling og pizza

Som i fjor ville Nummer 2 ha selskap på bowlinghallen i Ørsta, så det var berre å fylle opp bilane og kjøre av garde. Vi vart i alt 14 stk i selskapet, og vi kosa oss med bowling og pizza - "same procedure as last year".

Gubben fekk imponere kidsa med gamle kunstar; for tjue år sidan var han ein habil bowlar med eiga kule og jobb i bowlinghall i Kristiansand. Det var før røykelova, og det var framleis lov og mogleg å praktisere bowlingkunsten med ein sneip i munnen.

2 kommentarer:

  1. Dessverre blei Ørsta Bowling lagt ned i 2012 Eg huskar bowlingen Eg var Circa 3 eller 4 år når Eg var der
    Eg vart fødd i 2007

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var verkeleg trasig. Kjekt å kunne arrangere bursdagar der!

      Slett