fredag 2. april 2010

Når vårsol i bakkane blenkjer

Ok, eg har ved fleire høve sagt at eg synest vinteren kan vare litt lenger, men det er deilig med vår òg. Nummer 3 og eg gjekk tur med hundane innover Geislida etter middag torsdag, og der var våren komen. Det blir så mykje lettare å gå etter vegane når dei er tørre og sola skin, men hundane vert desto skitnare på føtene. Når dei får høve til det, rullar dei seg i den snøen som er att.

1 kommentar:

  1. Eg lengtar etter alle løkane som ligg under metervis av snø enno. Og så blir våren så kort........

    SvarSlett